Annonse
Kvardag

Kick-off ? My ass, asså !

Igjen ser me det: Svulsten brer seg fort mellom dei festlege i landet. No er det HerseFonna som for andre gong på kort tid er i gong me kick-off. I fjor gjaldt det aktivitetskampanjen, i år dreier det seg om arbeidsmiljøet (begge vart betydeleg bedre på engelsk, vettu).
Men til forsvar for Fonna: Dei er ikkje åleine. Festlege foretak over heile landet grip tak i ordleiken og har kick-off(s). Kvifor i alle dagar er ikkje det enklare avspark godt nok ?
Men kom ikkje her. Eg blir ikkje med. Eg bur i Noreg og nyttar målet i det landet. Prøv dykk ikkje. Eg er burned out. Prøver ein kick down, så får me sjå om eg blir shipshape nok til kick-ass. Hip nok for Fonna ?

Kvardag

Følgt av 898 medlemmar.

Kvardag i Kvinnherad er Kvinnheringen sitt nettforum. Her kan du føra opp arrangement i kalenderen, skriva debattinnlegg, starta kampsaker, leggja inn bilde eller kontakta folk. Meir om sona

Origo Kvardag er ei sone på Origo. Les meir