PIZZAKVELD
Lørdag 11. september og lørdag 20. november kl 18 – 20 inviterer Ti-To, SVUSH og Søndagsskulen på Husnes til PIZZAKVELD i Valen kyrkje for heile familien! Dette er samlingar retta mot alle, både unge og eldre. Det vert ein programdel med underhaldning, andakt og song før det vert servert pizza frå Peppes. Etterpå kan dei vaksne la praten gå medan det vert ulike leikar, spel og aktivitetar for borna. Det er ikkje sett noko fast pris for å vera med på pizzakveldane. Kvar og ein betaler det dei synes kvelden er verd.
Det vert ei enkel avslutning i 8-tida, men dei som har mulighet og lyst, er velkomne til å vera lengre! Me håpar du tek turen og blir med!



