Annonse
Annonse

Velkomen!

Kvardag er Kvinnheringen sitt debattforum. I tillegg finn du brukarstyrt arrangementskalender og lokalsoner. Har du spørsmål, kan du kontakta ein av Kvinnheringen sine Kvardag-representantar:

Kvardag tilrår

GRATIS AKTIVITETSKALENDER
Folk som er aktive i lag og organisasjonar kan nytta www.kvardag.no på fleire måtar. Til dømes gjennom aktivitetskalenderen (til høgre), der den som vil kan plotta inn arrangement med tid, stad og ein kort informasjon. Utdrag frå kalenderen blir vist på www.kvinnheringen.no si framside.

765 medlemer

Sjå alle

Kvardag er en sone på Origo.

Inviter til Kvardag

Skriv opp dei du ønskjer å invitere til å bli medlem. Oppgje mobilnummer eller mail-adresse så sender vi dei ein invitasjon frå deg. Skil med komma.
Annonse

Aktive samtaler i vår region

Eitt innlegg av Eskil M.
48
Eitt innlegg av margit e.
3
Eitt innlegg av Kjell O. H.
23
Eitt innlegg av anne m. m.
34

Nyheter vi diskuterer i vår region

Ein artikkel av Kvinnheringen
11
Ein artikkel av Kvinnheringen
3
Ein artikkel av Kvinnheringen
5
Ein artikkel av Kvinnheringen
15

Velkomen!

Alle som ønskjer det kan oppretta ei sone på Origo. Her viser vi et utval av nye bidrag frå soner i vår region.

Exclamation_desat_24

Endeleg regn!

Kvardag er ein klagemur, vert det hevda. Her kjem ei gladmelding; endeleg kom regnværet og som ekte vestlending var det ein fornøyelse finna fram sydvesten igjen! 3 månadar med kulde og snø – det vart ei påkjenning! Kva er det som gleder deg no om dagen? Eitkvart må det då vere?

Exclamation_desat_24

VEGSITIUASJONEN PÅ KALDESTAD – KALDESTADVEGEN.

Vi er for tiden blitt ein god gjeng bekymrede foreldre på Kaldestad, Prestnes, Bjørkhaugvegen og Røssland med tanke på vegsitiuasjonen vi har her på Kaldestad. Strekningen gjelder i frå Friheim på Grønstøl og nesten til det gamle samvirkelaget på Røssland. Vi opplever stadig uhyggelige trafikkmessige sitiuasjoner som vi er bekymret for at til slutt vil ende med at liv går tapt. Dette kan vi ikkje sitte og vente på. Heller ikkje kommunen bør gjere det.

Exclamation_desat_24

Ap ber for industrien !???

Exclamation_desat_24

I sekk og pose kan ingen få!

Ja, debatten her inne den har til til tider gått varm, enten det no har dreia seg om eigedomskatt eller nedlegging av grendeskular. Kvinnheringane vil tvihalde på det som ein har, dvs. at ingenting skal rasjonaliserast vekk, sjølv om det kostar kommunen dyrt å drive det. At kommunen føler seg banket rått og av den grunn innfører eigedomskatt, det liker vi heller ikkje. Ingen vil ha auka utgifter på hus og heim, og samstundes fryktar vi med rette stagnasjon i næringslivet. Så sit vi der då.. alle saman, med valets kvaler.. Vi vil ikkje ha eigedomskatten, men då bør vi kansje være budde på ei viss beskjæring av kommunale tenester? Om det er noko å spare på nedlegging av grendeskular? det har vi endå ikkje sett truverdige kalkyler på, Men, om det på det områder skulle være ein vinst å hente, er då spørsmålet om innbyggarane aksepterer slik `rasjonalisering`all den tid dei slepp eigedomskatt?
Vi må også ha i minnet at Kvinnherad kommune har gjennomført to store samferdsleprosjekt og er godt i gang med det tredje, og det i ein tidshorisont på knappe femten år! At desse prosjekta med sine kommunale forskoteringar vært dyre for kommunen og dens innbyggarar, det treng ein ikkje være samfunnsøkonom for å skjønne! Eg er i den tru at den kan bli vanskelig å finne andre kommunar som Kvinnherad kan samanlikna seg med i både innbyggartall og næringsstruktur, som har påteke seg slike omfattande og kostbare prosjekt i løpet av så kort tid! Så at dette i lang tid etterpå skal betalast av blandt anna oss, kan då umogeleg ha komme uventa på verken lokalpolitikarar eller oss kvinnheringar!

Exclamation_desat_24

Saint Patric's Day!

Irish Stew mini

Rockeklubben HUSNES er klare for å feira Saint Patric’s Day. Me skapar vår eigen irske feiring på Capri, fredag 19.mars.

Exclamation_desat_24

takst på eiendom

lurer på ka folk kommunen har hatt til å ta takst på husene i kommunen, siden jeg har fått bedre takst enn de med nyere og større hus, de har til og med større tomt. Eg forstår ikke korleis dei kan taksere et hus ved å gå rundt i hagen heller, men så er jo eg og veldig skeptisk til heile eiendomsskatten. det er og sagt at ingen skal betale meir enn 2000 kroner i året i eiendomsskatt, da e jo veldig fint for dei da gjeld, eg skal betale 2600. håpe folk stemme på rett parti neste gang vi har muligheten, slik at vi kan kvitte oss med desse inkompetente folka som sitter å styre nå. og til dåke som ikke stemmte FRP denne gangen, håpe dere har fått bra takst dere og.

Exclamation_desat_24

Eigedomsskatt og feige politikarar

Først er det berre å retta ei stor takk til dei som på Kvardag sitt diskusjonsforum , tydeleg gjev uttrykk for kva dei meiner om eigedomsskatten , og lat meg leggja til , denne gong bør det fylgja handling etter ord.
Folkevalde , yndar dei å kalla seg , desse som sit med makta i kommunen, men kva skal ein kalla dei når dei sviktar og lyg for innbyggjarane sine .
Når desse våre styrande , nærast har skussla vekk millionar , og kassen er bunnskrapt, ja då skal menigmann versågod koma på banen og ta ansvar, og det skal vi gjera utan å koma med ein einaste liten protest.
Skulle så gale vera , at det nærast byrja ulma i grasrota , ja då er det berre å ignorera desse stakkarane , som ikkje veit sitt eige beste .
Men som ein sa , vi vel vår veg , og det kjem alltid eit val.
Eg har sagt det før , og eg seier det att , NEI til denne urettvise skatten , som kjem til å råka mange , alt for hardt . Og kva har kommunen tenkt å gjera for desse , svaret er ingen verdens ting .
For eigen del er det berre å konstantera , eg har nytta dei siste 10 – 11 åra , til å prøva å settja istand denne gamle garden , som har vore i slekta i generasjonar , og som eg var så heldig å få overta.
Både tid , krefter og økonomi har gått inn i garden min , men eg er på langt nær ferdig , og alt som vert gjort , vert gjort i respekt for både komande og farne generasjonar , og til utruleg gleda for meg sjølv, og det er mange i same situasjonen som meg .
SP gnålar nærast konstant på den gode distriktspolitikken sin, og AP tyt på at alle skal med , og alle er like viktig, det må vera eigedomsskatten dei har i tankane.
Her er bygdenorge i ferd med å rotna på rot, og fråflyttinga aukar frå dag til dag, men sann mine ord , no kjem flyttebilane til å få travle dagar.
Samstundes vågar nokre politikarar seg frampå , og reiser land og strand rundt, for om mogeleg få fleire til å flytta til Kvinnherad , kva i all verda har dei å koma til.
I vår del av kommunen , lever vi og med trusselen om fredning av heile bygder, og frå før har vi Folgefonna nationalpark, og no eigedomsskatten.
Det er så ein lukkar augene og bed ei stille bøn , for kva vert det neste .
Tida er snart inne , då ein kan sei : Lukk døra og sløkk lyset , den siste som går .
Eg forstår vel at det må kjennast som ein siger av dimensjonar , når ein omsider entrar maktas korridorar , etter å ha kjempa for dette i årevis , men som kjent skal det meir en makt til , for å styra land og folk.
Kvar minste ting skal innbyggjarane kjempa for ,men som oftast øser dei fleste av oss seg opp i stunda , og så kjem resignasjonen veltande , for kva kan vesle meg gjera .
Det er ikkje innbyggjarane sitt ansvar , når den politiske styringa er ut av kontroll, dei må sjølve få den kommunale skuta i havn.
Avsluttningsvis må eg berre fortelgja, om han som hadde utedo heile sitt liv , men då kloakkavgifta vart innførd , ja så måtte han betala , og det gjrorde han livet ut .
Lova er lik for alle sa kommunen, alle skal med sa AP .
Og eigedomsskatten , ja den vil vi ikkje ha , om den er på to eller fire tusen .

Exclamation_desat_24

EKSTRAORDINÆRT FORMANNSKAPSMØTE!!

I dag er det kalla inn til ekstraordinært møte i formannskapet i morgon laurdag kl 11
Sak:
Auke eigedomskatten for næringslivet frå 2 til 7 promille.

Annonse
Exclamation_desat_24

Til freisting...

Sjølv om festivalen “Klosterdagane” vart lagt ned , – så må du ikkje fortvile!

Exclamation_desat_24

Med atomkraft inn i framtida.

Exclamation_desat_24

På flukt frå vinter og snø

Stormdag — Stormen på veg!

Når frosten bit i andlete er det med forvintninga ein legg turen til varmare strøk. Sol og varme var det som møtte ein frossen vestlending på Lanzarote. Alt var fryd og gaman like til stormen og regnveret innhenta oss. Ei trøst var det at gradestokken held seg stødig på over 20 tallet. Eg vil heimatt til våren!

Exclamation_desat_24

Åpent brev til ordføreren i Kvinnherad

Vedrørende referering av stemmeavgivning i politiske organ i Kvinnherad Kommune

Exclamation_desat_24

Chris Thompson - stemmen fra Manfred Mann's Earth Band - til Odda 26. mars

Exclamation_desat_24

Lefsebaking/Lefsekurs i Kvinnherad

Exclamation_desat_24

Festivalen "Klosterdagane" vert lagt ned.

Klosterdagane har på ekstraordinært årsmøte den 12.02.2010 tatt avgjerdsle om å leggje ned festivalen. På møtet var ein av den oppfatning at det ikkje er grunnlag arbeidmessig eller økonomisk for å drive festivalen vidare i sin noverande form. Klosterdagane har no i 5 år tilbudt publikum nye og tildels annleis opplevingar gjennom konserter og forestillingar med m.a. klassisk musikk, samtidsmusikk og dans, utstillingar og performance. I tillegg har festivalen hatt aktiviteter knytt til Halsnøy Kloster si historie, presentert musikkspel og vore arena for samtaler og litterære prosjekt. Samla sett har den nyansert festivalbildet i regionen. Nedlegginga av festivalen Klosterdagane vert gjort i forståing med kunstnerisk leiar Lars-Erik ter Jung. Styret for Klosterdagane, ved Helén Petersen, Sissel Aarseth, Øyvind Særsten, Jane Jünger, Mona Økland og Lars-Erik ter Jung, slutta seg einstemmig til årsmøtets vedtak.


Samstundes vil vi frå Halsnøy Kloster, Sunnhordland museum få melde om at ein vil fortsatt jobbe for gode kulturopplevingar på tunet også i framtida. Publikum vil framleis finna små og og nokre ikkje fullt så små kulturhendingar gjennom året på Halsnøy Kloster. Den gamle “Klosterdagen” vil gjenoppstå som ein dag med kulturprogram i regi av Sunnhordland Museum og Venelaget for Halsnøy Kloster. I år vil denne dagen falle på laurdag 5. juni 2010. Programmet for dagen er straks klart og vil bli kunngjort om ikkje lenge.

Kalender

Har du eit arrangement du vil dela? Del det her!

Sjå heile kalenderen

Mest tilrådd denne veka

tirsdag 16. mars kl. 18:15 til 20:00 Husneshallen
Person_grayPerson_gray
Kvinnherad Framstegsparti avholder medlemsmøte hver tirsdag i Husneshallen. Møtene er i utgangspunktet åpent for alle interesserte.Kontaktperson: Medlemsansvarlig i Kvinnherad Framstegsparti, Eskil Moen på eskil@fpu.no
Annonse

På kartet

Kampsaker

«Vi vil ha attende gamal opningstid i alle butikkar i Kvinnherad: kl 09:00 om morgonen!»

Mailinn
Ta standpunkt!
5 er positive
0 er kritiske

«vi vil ha asylmotak på husnes hotell!»

Ta standpunkt!
anita
0 er positive
5 er kritiske

«vi betaler altfor mye i skatter og avgifter til staten(inkl.bilavgifter) i dette landet.»

Ta standpunkt!
1 er positiv
1 er kritisk

Soner i vår region

Alle som ønsker det kan opprette en sone på Origo. Her viser vi et utvalg av soner. Opprett di eiga sone

Aktive soner